Kontrollstrukturar del II (switch case)

Kontrollstrukturar del II (switch case)

Thu 31 December 2009

Del 4 : Kontrollstrukturar del II.

Her vil vi gå igjennom dei siste grunnleggande kontrollstrukturane som vi vil få bruk for i java, i denne omgang.


SWITCH CASE

Dette er ein kontrolltype som gjer mykje det samme som ei else if setning.

Vi viser først eit eksempel, det vert lettare å forstå då :)

{codecitation class="brush: plain; gutter: true;"}
//Switch case setning eksempel 1
switch (variabel_som_skal_testes)
{
case 1:
System.out.println("Denne koda utføres dersom variabel_som_skal_testes er lik 1");
break;

case2:
System.out.println("Denne koda utføres dersom variabel_som_skal_testes er lik 2");
break;

case3:
System.out.println("Denne koda utføres dersom variabel_som_skal_testes er lik 3");
break;

default:
System.out.println("Denne koda utføres dersom variabel_som_skal_testes ikkje er lik noken av dei andre mulighetene");

} // Slutt paa switch case setninga


Det vi egentlig gjer i denne kodebiter er å spørre om variabel_som_skal_testes er lik 1, 2, eller 3.
Vi utfører den kodebiten som tilhøyrer den rette "casen", og avsluttar switch setninga med break.
Dette fordi at dersom variabelen er lik 1 kan vi gå utifrå at den ikkje er lik 2 eller 3 (logisk nok :)
så dermed hoppar vi over dei evt gjenståande testane/case.
Dersom variabelen vår feilar på alle testane, dvs ulik 1, 2 og 3, utfører vi koda som kjem etter default.

Som vi ser vert ei switch setning nesten som ei else if, bortsett frå at switch setninga vil avbryte når den får suksess på testen, mens ei else if vil teste alle uansett.

Tagged as : java